Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lysmesse med 2 barnedåpar

Jon Olav Ørsal Sundag 5. desember 2021

I dag var det bra deltaking på gudstenesta i kyrkja.  Det hadde nok ein klar samanheng med aktivitetane i kyrkje denne dagen.  Det er slett ikkje kvar dag at det er 2 barnedåpar i kyrkja i Todalen, men i dag så vart både Kaja Børmark og Eline Ansnes båret til dåpen i Todalen kyrkje.

Neste års konfirmantar var medhjelparar for presten og sørga for båd tekstlesin, lystenning og fylling av døpefonten. Her er det Shan Allan som tenner lys. Foto Jon Olav Ørsal

I tillegg var det lysmesse som nok førte med seg litt ekstra aktivitet og det var utdeling av biblar til 5. og 6.-klassingar som høyrer soknet til.  Og som ikkje det er nok så var det forsterkningar  med både på når det gjeld song og musikk.  Organisten Ronny Kjøsen hadde med seg 2 trompetistar –  Karianne og Johan Holten – og Nina Halset som solist. 

Nora fyller dåpsvatnet i døpefonten. Foto Jon Olav Ørsal

Cathrine Grutle som var prest hadde med seg neste års konfirmantar på tekstlesing og lystenning – dei to konfirmantane er Shan Allan Halle og Nora Kårvatn. Dermed vart det ei triveleg og innhaldsrik gudsteneste som varte nærare ein og ein halv time.

Nina Halset var solist og framførte «I den kalde vinter». Foto: Jon Olav Ørsal

Vi har laga eit bildegalleri av dåpshandlingane – der Kaja Børmark og Eline Ansnes vart døpt i Todalen kyrkje – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 5. desember 2021, 16:01