Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lysmesse, adventsmiddag og julegatetenning på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 1. desember 2023

Søndag er det mykje som skjer her i Todalen. Todalen Sokneråd inviterer til lysmesse i Todalen kyrkje, Todalen Idrettslag inviterer til adventsmiddag i Todalen ungdomshus og til slutt er det julegatetenning av Todalen bøgdalag si julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø.

Lysmesse i Todalen kyrkje klokka 14:00. Prest er Torbjørn Brøske, medan Bernt Bøe er organist. Konfirmantane bidret med tekstlesing, lystenning og litt til. Offeret denne søndagen går til Kyrkjelydsarbeidet via Vipps 506908. 

Adventsmiddag klokka 15:30 – 18:00. Her serverer Todalen Idrettslag elghakk, kaffe og trollkrem. Middagen kostar kroner 125,-, medan kaffe og trollkrem kostar kroner 25,-. Betaling med Vipps eller kontantar. 

Julegatetenning klokka 18:15. Da tenner Todalen bøgdalag julegata si. Det blir nissepakkar til ungane.  

 

Publisert: 1. desember 2023, 08:00