Arbeidet på lysløypa på Tjønnmyra er godt i gang, og prosjektet som er kostnadsrekna til nærare 900.000 skal være klart til bruk til neste skisesong, fortel ledar i anleggskomiteen Nils Ove Bruset. Laurdag var vi med anleggskomiteen på synfaring i anlegget, og det må kunne seiast at det såg imponerande ut. Det er entreprenørfirmaet Per E. Gjeldnes Maskin som har prosjektet, og det fine vintervêret har gjort at det har vore fine arbeidtilhøve så langt i vinter.
Anlegget er som sagt kostnadregna til rundt 900.000, og Todalen idrettslag har finansiert dette med rundt 50% i spelemidlar, i tillegg til eigenkapital og ein god del dugnadsarbeid. Det nye anlegget har ei lysløype på ca 1600 m, og i tillegg vil det bli både hoppbakke, kulebakke og skileikanlegg. I tillegg har Todalen I.L. planer om å bygge varmestue, tidtakarbu, redskapsbu og etter kvart sanitæranlegg, fortel Bruset. Han gir også honnør til grunneigarane for godt samrbeid, noko som har gjort at søknadsprosessane har gått fort.
Anlegget vil også egne seg godt til sommarbruk, da løypetraseen vil bli grusa opp. Da kan den brukast til både sykling, turgåing og familieaktivitetar. Rundt i anlegget er det også planer om ein eller fleire gapahukar, samt at det blir eit par utsiktpostar med utsikt utover bygda.
Bilde frå anleggsområdet finn du i galleriet nedafor. Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal