Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lysglimt i mørketida på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Torsdag 3. desember 2020

Slik tida er no er, blir det heller ingen sosiale samlingar på Nordvik i adventstida 2020, alt er avlyst. Men styret i Grendalaget oppfordra sambygdingane sine til å ta på refleksvestar, gå ut på tur og legge turen om Forsamlingshuset torsdag kveld. Styret lova da «et lite lysglimt i denne ellers mørke tida».

Oddvar Mikkelsen, Tonje Kristin Vikan og Palmer Vikan er med i styret i Nordvik Grendalag. Foto: Dordi J H

Mange stoppa opp ved Forsamlingshuset klokka halv sju, og lys vart det: Lysjuletre på veggen til Forsamlingshuset – fint og triveleg! Kald vind gjorde at det fleste hutra og tok turen raskt vidare. Men ungane fann tid til å leike boksen går – populært i mørket.

Styret kunne opplyse at juletrefesta i romjula er avlyst, men det er planer om å arrangere romjulsmarsj.

«Boksen går» – gutane har funne ein lur gøymeplass, men forografen var avslørte gøymeplassen og vart kanskje upopulær? Foto: Dordi J H

Elles er det siste kveld for loddsal i Grendalagets digitale førjulsbasar, trekkingslista kjem over helga.

Og på tur utover til Nordvik fekk underteikna sjå ei stor gaupe på parkeringsplassen i Svinvika – retteleg artig!

Alle stilte i refleks – flott! Foto: Dordi J H

Fint juletre. ikkje sant? Foto: Dordi J H

 

Publisert: 3. desember 2020, 21:22