Ein liten trimtur nedover Toåa tursti kan ofte gje deg ein ide om saker til Todalen.no. Det er fint å gå frå Trøbakkan og nedover til Halsabrua, men det lønner seg å være litt forsiktig da det no finns litt is på enkelte plassar. I dag tok vi Liv Larsen «på fersken»da ho var i gapahuken i Båthølen for å skifte batteri i batterilykta som står på bordet der. Egentleg veldig triveleg at nokon bryr seg om å skape litt trivsel no når dagen er på sitt kortaste, slik som Liv har gjort.

Liv er nok innom gapahuken i Båthølen dei fleste dagane – i dag hadde ho batteriskift på programmet på sin daglege trimtur. Foto: Jon Olav Ørsal
I tillegg er det også hengt opp ei lita julestjerne utafor gapahuken. Begge lyspunkta har svake lys som du lyt kome ganske nær for å sjå, og dermed ikkje noko prangande og blinkande lys som kan være forstyrrande.