Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lynnedslag og branntilløp i eit forrykande torevêr

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. juli 2025

Det varme sommarvêret er nok årsak til at det har vore lyn og torden på ettermiddag og kveld i fleire dagar på rad.  Fredag kveld var det ekstra mykje, og eit ganske massivt torevêr gikk nedover bygda på seinkvelden.  Det var nok mange som var bkymra og som drog ut kontaktar for å spare ekeltrisk utastyr.  Toreveret såg ut til å gå fleire rundar og det vart eit skikkeleg regnvêr i kjølvatnet av torevere. Rundt midnatt var det meste over og det hørtes ut som den trekte unna. 

Det var ein skremande oppleving for naboen Svein Volle og for Reidar Østvik som fekk lynnedslag i pipa. Foto Jon Olav Ørsal

Mellom 1 og 2 vart det imidletid ein ny runde og da slok lynet i ein kraftpåle ved Elvestad i Rabbgrenda, samtidig slo lynet også ned i pipa på Elvestad. Det var ein skikkeleg smell som og endte med branntilløp hos Reidar Østvik på Elvestad.  Pipa på Elvestad er regelrett pulverisert, og det ligg både murstein og takstein på plena rundt heile huset på Elvestad.  Her var det branntilløp i sikringsskapet og i ein kabel ut frå sikringsskapet mot stua.  

Det frøste i kontaktane fortel Mari Todalshaug som vart skikkeleg skremt av lynnedslaget. Foto Jon Olav Ørsal

Hos naboen på Evjebakkan gikk det også hardt utover strumnettet og sikringsskapet – Mari Todalshaug fortel at det frøste i kontaktar og koblingar, så ho er spent på om nettet har fått skade av lynnedslaget.  Det får ho konstatert når straumen kjem att.    Svein Volle som er nabo på andre sida vart også skikkeleg skremt av lynnedslaget som skjedde etter at han hadde lagt seg. 

Ståle Sæther og Martin Røkkum var på vakt – i dag har dei sjekka ut trafoane og dei fleste i Rabbgrenda har fått att straumen i løpet av føremiddagen. Foto Jon Olav Ørsal

S-nett som er netteigar for straumnettet var på staden for å kople til att straumen – dei kunne konstatere at begge trafoane i området ser ut til å ha berga unna skade.  Dei fleste abonnentane har no fått att straumen, men dei som bur nærast må nok sjekke nettet før straumen bli kopla til i gjen.  

Pipa på Elvestad er knust i småbitar og hamna på plena rundt huset på Elvestad hos Reidar Østvik

martin Røkkum frå S-Nett sjakkar transformatoren før straumen var kopla til att. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 19. juli 2025, 11:06