Ei lynnedslag i trafoen ved Falløya førte til straumbrot i heile eller delar av Brusetmarka i 17-tida. Dette medfører også at abonnentane for vassverket i Bjøråa er utan vatn. Transformatoren er øydelagt og må difor skiftast ut.
Svorka er i gang med dette arbeidet, og abonnentane vil få att straumen i løpet av kvelden dersom det ikkje dukkar opp fleire problem.