Fredag morgon var Svorka på pletten for å skifte ut trafo ved Vestrum/Talgø gård, etter at lyn og torden herja i går kveld. Dette slo ut straumforsyninga til basestasjonen for internett på Talgøsetra/Reiret. Dermed vart også Kårvatn utan internettkontakt i natt.
Som sagt var Svorka tidleg på plass for å skifte ut trafoen, slik at straumførsyninga og dermed internettkontakten var gjenoppretta alt i 9-tida i dag, og da var det også sjekka ut at alt fungerte som det skulle.
Etter at arbeidet var utført trefte vi Svorkagjengen, som tok frukosten i Kaffekroken, og dei kunne fortelje at dette var einaste skaden som var meldt inn til Svorka frå torevêret torsdag kveld. – Dei kunne sjølvsagt ikkje starte på jobben før torevêret var ferdig. Det kan nemleg være livsfarleg å jobbe med straumnettet så lenge det er fare for lynnedslag i nettet – lynet kan nemleg gå langt i nettet.
Vakta følger nøye med på vêrmeldinga og er nok godt førebudd på litt ekstrajobb når det meldes vêr som kan skade strumnettet eller internettet, seier Ståle Sæter som er talsmann for vakta. No på sumars tid er det to peronar på vakt døgnet rundt. Disse er klare til å rykke ut straks, men når det skjer noko blir ofte fleire med på reparere skaden og få til strauforsyninga fortast muleg.