Søndag var det basar på alderheimen i Stangvika. Det var pårørandeforeninga som samla troppane til sin årlege basar for å få inn pengar til drifta av foreninga. Dei hadde stort basarbord med mange flotte gevinstar, og i løpe av nokre ettermiddagstimar fekk dei inn heile 12.000 kroner til foreninga. Dei bydde på kaffe og kaker til gjestane, og trekkspell og song vart det også, fortel Borghild Talgø til Todalen.no. Men viktigast av alt var den god samtalen rundt borda og det vart eit fint avbrekk både for bebuarane og for dei beøkande.
Pårørandeforeninga og aldersheimen rettar ein stor takk til alle som tok turen og som oss med gevinstar og pengestøtte, seier ho.