Svanhild Husby med ensemble kjem fredag 31. august kjem til Todalen ungdomshus med sin musikalske miniturne. Etter forrige års suksess med Lykkeland er det no klart for ei ny oppsetting som får sin premiere i Sagatun 24. august. Vidare går ferda til lauvtun i Betna den 25. august og til Todalen ungdomshus den 31. august. Laurdag 1. september blir det avslutningsforestilling på Billaget på Surnadalsøra.
Svanhild Husby som er leiar for heile prosjektet, fortel at det skal blir servering av både vått og tørt i samband med forestillingane, men det vil variere litt frå plass til plass av praktiske hensyn. Artistlista vil også variere litt frå plass til plass, da det vil bli innslag av lokale artistar på alle forestillingane. På den siste forestillinga i Billaget vil alle sammen delta og vil på ein måte markere at dei er i mål med miniturneen på Indre Nordmøre.
Artistane som skal delta under veis er Kristin Aasgård Langli, Hanne Moen Fiske, Møyfrid Henden, Kristin Kvande Betten og Pernille Torvik, samt «ein 3-4 karra» som Svanhild uttrykte det. Den faste staben som blir med under heile turneen er Ola Langli, Frank Botten, Linda Botten, Møyfrid Henden og sjølvsagt Svanhild Husby. Og det blir altså «nokre» todalingar som blir med på scena, både i ungdomshuset og i Billaget under finalen. Etter pressekonferansen var det øving i DreamFarm studio, og dei gler seg no på å kome ordentlig i gang med øvingane til premieren i Sagatun. – Det er sterke og gode krefter som blir med på dette og vi vil bruke tekster av Jørgen Gravvold og Hans Hyldbakk i tillegg til egne tekster, fortel Svanhild Husby. Ho tykkjer det er artig med denne typen underhaldning, og sett stor pris på det gode samarbeidet i gruppa og kor «gøytt» det er å kunne lære av kvarandre. Sjølvsagt vanka det ein smakprøve etter pressekonferansen i DreamFarm studio på Øyamoen, og den lova godt tykte vi!