Tysdag inviterte Todalen Sanitetsforening sine «vaksne» sambygdingar til gratis lunsj i Sanitetshuset. Det er omsorgsberedskapgruppa som står som arrangør, og prosjektet er finansiert gjennom NKS og offenlege omsorgsberedskapsmidlar. Bra oppmøte i Sanitetshuset, og det var ein flott lunsjbuffe som møtte deltakarane som satte stor pris på tiltaket.
Overraska med raus kunstgåve
Som sagt var lunsjen gratis i dag, men det var sjølvsagt råd for å kjøpe lodd på Sanitetens kunstlotteri, som skal trekkjast seinare. Hovudgevinsten i dette lotteriet er eit flott acrylmaleri av «Lofotveggen» som Bente Alise Ørsal har måla. Dette hadde saniteten kjøpt av kunstnaren, trudde dei. Men i dag var Bente på plass i Sanitetshuset for overlevere måleriet, og da overraska ho med å gje måleriet til Saniteten heilt gratis. – Dette begrunna ho med at Todalen Sanitetsforening gjorde så mykje bra for bygdefolket at ho gjerne ville være med og bidra litt.
Vi må nok legge til at Bente og ektemannen Rolf er godt kjent i Todalen, sjølv om dei bur i Ørsta – på «søre luten». Foreldra til Rolf kom nemleg frå Todalen, og slik har dei mykje slekt og venner i Todalen. Bente starta med kunstmåling i 2005. Da var det oljemåling eit par år, før ho fekk sjansen til å delta på kurs i akrylmåling. Akrylmålinga tørkar mykje fortare, så difor vart det akryl i fortsettinga. For Bente er dette ein fritidssyssel, og det aller meste skjer på vinters tid – om sommaren er det da så mykje anna å drive med, og da er det da også godt å halde på med ting ute.
I sommar skal ho mest truleg være bidragsytar, saman med andre lokale kunstnarar på Ørsta, for å sette preg på «kunstgata» i Ørsta. Så no hadde ho det med andre ord travelt med å kome seg heim for å fullføre sin del av dette prosjektet. – Dreg du nedover Vestlandet etter E39 i sommar, så er det kanskje lurt å ta ein avstikkar innom «kunstgata»/gågata i Ørsta for å sjå om bilda til Bente er komne i butikkvindua?