Trimgruppa har opna luke 2 på sin julekalender, og dermed er spenninga løyst ut, og vinnarane er klare. Attafor luke 2 var det heile 3 gjevinstar, og dermed blir det 3 heldige vinnarar.
Den første gevinsten er ein pose med tennbrikettar som hamnar i Lykkjebygda hos Ingebjørg og Erling Myrbostad. Den andre gevinsten, som er ein strikka sminkepung, går til Mariann Løvik, som bur på Frei. Men den 3. og siste gevinsten i dag går til Heimstad hos Marit S. Søyset. Gevinsten er eit juletre som er laga av royalimpregnert furu, og får da sikkert 50 år råtegaranti på juletreet.
Felles for alle vinnarane er at TIL trimgruppa tek kontakt for å avtale levering av gevinsten. Neste trekkjing bli offenliggjort i morgon tidleg kl 06.00, så her gjeld det å kome seg opp for å få med seg nye vinnarar kvar dag!