Terje Nordvik har vore nytta finvêret i dag til ein luftetur til skihytta. Han gikk den klassiske turvarianten, med start i Øyalia og oppover til Langmyra og passerte elva på vintervadet. Han rapporterer om bra med snø og kjempefint skiføre i høgda.
Det har vore kuldegrader også siste natt, og da held nok føret seg godt i høgda. Terje anbefaler turen for den som har lyst på ein fjelltur, men åtvarar samtidig om rasfare i fjellet – spesielt Kjerringa og Snekkardalen for det området Terje har sett i dag.
Terje har sendt oss nokre bilder som vi legg ut for å illustrere kor fint føre det er. Alle foto: Terje Nordvik