Øyabrua har som kjent vore stengt for køyrety over to tonn sidan november 2017. I Hovudutval for Miljø og Teknikk sitt møte i mai 2022, vart det vedteke at administrasjonen skulle utgreie alternativ for kryssing av Toåa til erstatning for dagens bru, som kan bli stengt når som helst.
Sidan vedtaket i hovudutvalet i fjor, har lite, eller ingen ting skjedd i saka. I samband med budsjettreuleringssak i formannskapet førre veke, fremma Senterpartiet sak om å løyve inntil 6 millionar til prosjektering og bygging av gangbru over Toåa til erstatning for dagens bru. Dette forslaget fekk berre Senterpartiet sine røyster i formannskapet og fall.
På dagans kommunestyremøte, da budsjettreguleringssaka vart behandla der, fremma Senterpartiet saka på nytt. Senterpartiet fekk denne gongen med seg Fremskrittspartiet og sikra dermed fleirtal for å løyve inntil 6 millionar til prosjektering og bygging av gangbru over Toåa, til erstatning for dagens Øyabru. Arbeiderpartiet, Høyre, SV og MDG røysta mot løyvinga, slik at resultatet av avrøystinga vart 15 for løyving og 12 mot.
Under møtet vart det sagt at håpet er at den nye gangbrua skal vere klar til 17. mai, 2024 slik at 17. mai-toget da kan gå over den nye gangbrua. Om den står ferdig allereie til 17. mai-feiring står att å sjå, men ein kan sjølvsagt håpe!