Laurdag 28. juni er det Drivacup på Syltøran stadion i Surnadal og laurdagen etter, den 5. juli er det TodalsCup på Bordholmen stadion i Todalen. To tradisjonsrike cupar med ei lang historie bak seg. For spørsmål om TodalsCupen, ta kontakt med Bjørn Gunnar Ansnes på telefon 986 11 707. For påmelding, send e-post til bjorn.gunnar.ansnes@outlook.com
TodalsCupen har lange tradisjonar for å vere sist på juni eller tidleg i juli, og var i år eigentleg datosett til laurdag den 28. juni. Drivacupen har dei siste åra vore arrangert helga rundt St. Hans, altså helga før Todalscupen.
Frå torsdag 19. – søndag 29. juni blir det som kjent også arrangert Midtsommar i Surnadal, eit arrangement som såg dagens lys i 2024, og som både Drivacupen og TodalsCupen var ein del av.
Erfaringane frå 2024 krevde endringar
Erfaringane Fotballgruppa i Surnadal IL gjorde i 2024, var at å arrangere Drivacupen same helg som det var konsertar og utearrangement i samband med Midtsommar i Surnadal var utfordrande både med tanke på å få med frivillige og ikkje minst fotballag.
Med bakgrunn i dette tok leiar i Fotballgruppa, Jostein Kvendset, i mars kontakt med Todalen IL og leiar Elinor Bolme for å sondere litt med tanke på å finne ny helg for Drivacupen. – Elinor og Todalen IL responderte raskt på sonderinga vår, og sa seg villige til å flytte TodalsCupen til laurdag den 5. juli, slik at vi kunne arrangere Drivacupen laurdagn før, den 28. juni, seier Jostein. Han rosar Elinor og Todalen IL for å vere både fleksible og lysningsorienterte.
Samtalane mellom dei to klubbane resulterte altså i at både Drivacupen og TodalsCupen i år, blir ei helg seinare. Vi håper og trur at dette blir ei god løysing var Elinor og Jostein samde om.
Tysdag kveld var dei to arrangørane samla til felles pressetreff i klubbhuset til Surnadal IL på Syltøran. Her presenterte dei to laga sine cupar og oppfordra samtidig alle klubbar som har lyst til å vere med på cup, om å melde seg på så raskt som mogle!

Fleksible og løysningsorienterte cuparrangørar. F.v. Håkon Solem, Juras Chachlauskas, Jostein Kvendset, Ingvild Kårvatn og Elinor Bolme Foto: B G Ansnes
Drivacup med samarbeidspartnarane på stands
Drivacupen blir altså arrangert på Syltøran stadion laurdag 28. juni, og cupen er for alle lag i klassane frå J/G 6 til og med J/G 11. Det blir lagt opp til både reine jente- og guteklassar, samt miks.
I tillegg til fotball vil samarbeidspartnarane til idrettslaget ha stands. Det vil sjølvsagt bli høve til å kjøpe både bakels med graut og andre godsaker under cupen.
For spørsmål om cupen kan ein ta kontakt med Håkon Solem på telefon 979 77 537.
Todalsdagen 2025 med TodalsCup «Ræta opp!»
TodalsCupen er ein del av Todalsdagen som blir arrangert på Bordholmen stadion laurdag 5. juni. Her er det klassane frå J/G 6 og opp til og med J/G 10 som er inviterte, men her kan det ved interesse også bli aktuelt å utvide til J/G 11. Det er gratis å vere med på TodalsCupen, og alle får premie.
Også i år blir mosjonsløpet «Ræta opp!» arrangert. Primus motor for løpet, Ingvild Kårvatn, fortel at inntektene frå årets løp går til Sanitetskvinnenes Veiledningssenter for pårørende i Midt Norge. Meir informasjon om tilbodet deira fin ein på veiledningssenter.no/. Ingvild håper på god deltaking både frå enkeltpersonar og bedrifter.
For spørsmål om TodalsCupen ta kontakt med Bjørn Gunnar Ansnes på telefon 986 11 707. For påmelding, send e-post til bjorn.gunnar.ansnes@outlook.com.
Elinor og Todalen Idrettslag ønsker alle sammen velkommen til Todalsdagen 2025!