TILs løypekomiteen er i gang på oppkjøring av skiløyper. Dei første løypene er klare til bruk, og fredag kveld var løypa frå Kvennset og oppover til ungdomshuset og vidare opp Øyalia klar. Denne veka er det Ivar Bolme som har vakt, og han har fredag køyrt på skuterspor opp Øyalia og opp til Haukåa, og innover til Bjøråa eit stykke utafor Tristeinan.
Laurdag vart det køyrt på skuterspor frå Innerdalsmerket, via Talgøsetra og til Tristeinan og utover til Bjøråa. – Ivar fortel at det er fine føreforhold både i Øyalia og i Kleivhauann, litt kramnø i lia, men tørt føre når ein kjem oppå fjellet.
Det er no sett opp løypevakt som vil sørge for skisport utover vinteren – TILs løypekomitee består at Ivar Bolme, Ståle Ansnes og Gunnar Nordvik. Det er meldt mildvêr og litt nedbør utover veka, men litt kaldere og stabil temeperatur når det går mot neste helg.
Elles minner vi om fine forhold i lysløypa på Tjønnmyra – no er det berre å finne fram skiene og sett i gang……….