Torsdag kveld kom det inn lopper på løypande band til loppemarknaden på Bordholmen. Sjefsloppa sjølv, Borghild Talgø, var på plass og tok i mot dei som hadde lopper å levere. Ho oppfordra alle til å sjå gjennom kjellar og loft, og skuffer og skap etter lopper. Det er innlevering torsdag kveld, fredag kveld og det går også an å levere på laurdag. Dersom du har behov for hjelp er det berre å ringe Borghild Talgø på tlf 908 41 614 eller Jostein Bruset på tlf 416 21 177. Dei tek i mot alt muleg av gangbare lopper. Loppemarknaden startar laurdag kl 11 og er ope heile dagen.
Dugnadsgjengen var også i aksjon torsdag kveld. Da var det innspurt på utgardsgjerdinga og oppsetting av det store restaurantteltet og sekretariatteltet som stor på programmet. På kjøkkenet var dei også i gang med førebuingane til middagsserveringa, samt utplassering av den mobile storgrillen som skal forsyne svoltne cupdeltakarar og publikum med nygrilla kjøtt og fiskerettar.