Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lollipop i barnehagen ….

Dordi Jorunn Halle Fredag 8. mai 2015

Fredag fekk ungane i barnehagen uventa besøk av to blide og greie russejenter, Kristine Svinvik og Karina Kosjanenko. Dei var ute etter å samle knutar til russelua si, og i barnehagen vart det to knutar i ein og same slengen! – Først delte dei ut is til ungane, lollipop og vaniljestong, det var kjøle populært! For det får dei lolipopknute i russelua, det må seiast å vere ein sympatisk og snill russeknute. Ungane fekk også russekort. Fin avslutning før helga.

IMG_4994

Karina deler ut russekort. Foto: Dordi Jorunn Halle

 

IMG_4986

Godt med lolipop! Foto: Dordi Jorunn Halle

Neste russeknute, «avisutklipp», var å kome i avisa, og dei valde seg da nettavisa todalen.no! Båe to er ofte inne på sida vår som dei syntest er riktig så god. Kristine og Karina kom rett frå tentamen i norsk. Det hadde vore mange tentamenar siste vekene, så russefeirnga hadde vore litt laber, men mot helg og syttande mai skulle det bli meir fart i feiringa. Rett etter 17.mai er det eksamen. Karina håpa på å kome opp i kjemi eller fysikk, medan Kristine håpa på alt anna enn matematikk.

Nest år blir det folkehøgskule for dei to trivelege jentene. Kristine skal til Torshus folkehøgskule på Fannrem, der skal ho vere elev ved lina «Høgt og Lågt» med dykking og paragliding på programmet! Karina speler fele og reiser til Toneheim folkehøgskule ved Hamar. Vi ønskjer dei lykke til vidare, både med russetida, eksamen og folkehøgskuleåret!

IMG_4979

Karina og Kristine er klare til å dele ut is, da blir det lollipopknute i lua! Foto: Dordi Jorunn Halle

Publisert: 8. mai 2015, 17:59