Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokaloppgjør i favør Surnadal

Elinor Bolme Tysdag 6. september 2016

I kveld var det duka for nytt lokaloppgjør på Bordholmen. I denne kampen var det jentene i 12-årsklassen frå Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen 2 som møtte Surnadal 1. Begge laga var klar for seier når vi tok ein prat før start. Jentene frå Surnadal kunne fortelje at dei hadde vunne det meste heile sesongen. Seinast i helga, på Jentecup i Trondheim.

thumb_IMG_1765_1024

Surnadal 1 J12 møtte mannsterke på Bordholmen.

thumb_IMG_1766_1024

KUST-jentene var litt færre, men ved godt mot før start. Dei har to lag, der det andre laget var på kamp i   Surnadal.

Surnadal tok leiinga tidleg i kampen, og dominerte til tider kampen. Sidan dei hadde ein del fleire innbyttarar var nok fotane relativt friske i begge omgangar, medan KUST-jentene måtte jobbe for å stå i mot målfarlege surnadalsjenter.

thumb_IMG_1784_1024

Vart mange mål for spissane til Surnadal.

 

thumb_IMG_1774_1024

Anders og Jon kosa seg på sidelinja med kaffe, graut og bakels. 

Neste kamp på Bordholmen er mandag 12. september. Da kjem Clausenenga på besøk og spelar mot STUK J16.

 

 

 

Publisert: 6. september 2016, 22:30