Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokalfotballens El Classico

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 24. september 2020

Torsdag kveld var det duka for lokalfotballens El Classico då Søya/Todalen J9/10 tok imot Surnadal J10 til lokaloppgjer på Bordholmen. Sjølv om ein resignert må innsjå at det verkelege El Classico mellom Real Madrid og Barcelona i Spania samlar litt meir publikum, så vart det eit fartsfylt og underhaldande lokaloppgjer. 

Første omgang starta med eit lite overtak til gjestane frå Surnadal. Dei styrte banespelet og skapte dei fleste sjansane. Men utover i omgangen kom heimelaget meir med og var farleg frampå nokre gonger. Men bortelaget hadde leiinga til pause. 

Frå Søya/Todalen sin pauseprat. Foto: B G Ansnes

Andre omgang var jamspela med fleire store sjansar til båe lag. Heimelaget hadde m.a. ein stor sjanse etter corner, men ballen ville ikkje i mål. 

Publikum var som seg hør og bør på eit lokaloppgjer engasjert og laga god stemning. Kven som vann «tribunekampen» er vi ikkje sikre på, men bortelaget vann fotballkampen. 

Surnadal J10. Foto: B G Ansnes

Søya/Todalen sitt mål vart scora av Anna Vikan. 

Søya/Todalen sitt lag: Nicole Nordvik, Mia Kvande, Sigrid N. Grønnes, Martine T. Øyen, Natalie Astrid Brusethaug, Anna Vikan, Oda Helene Kvendset,

Då minner vi om neste kamp på Bordholmen stadion som er på førstkomande laurdag (den 26.) kl. 12:00. Då spelar Søya/Todalen G12 mot Smøla G12 1. Det blir open kiosk, så då blir det ei god anledning til å ta førmiddagskaffen på Bordholmen den dagen!

Lang kiosk-kø! Foto: B G Ansnes

 

Publisert: 24. september 2020, 19:57