Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokale lag deltok på Rindalscup 2023

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 4. september 2023

Fleire lokale lag deltok på Rindalscup 2023 i går, søndag 3. september. Vi har fått nokre rapportar og bilete frå Anders Gjeldnes, Line M. Kvendset, Karin Åsbø og Ola Dalsegg, som var med og «bivåna» årets utgåve av Rindalcupen i går. Vi takkar for bidraga, og rapportar og bilete kan du lese og sjå nedanfor! 

Anders, Natalie, Anton og Anders. Foto: Line M. Kvendset

Yr.no varsla regn heile dagen, men det vart heldig vis lite bruk for paraply og regnjakke, da det var lokalt opphaldsvêrr oppe i Rindalen.

John Ola, Sondre, Emil, Arvid, Nazar. Foto: Line M. Kvendset

Det var mykje kameratskap og idrettsglede å sjå på Trollbanen i går. Både jente- og gutelag var med og sette sitt preg på dagen.

Svea, Ingeborg, Idun, Oda Helene, Oda, Natalie, Signe, Sigrid, Mia og Anna. Foto: Line M. Kvendset

Rindal IL hadde fyra opp grillen og varma opp bakelspressa, så her var det noko for ein kvar smak, og både barnefotballen, bakels og grillmat trekte mykje folk til Trollbanen.

Aron, Ola jr, Håkon og Emil. Foto: Line M. Kvendset

Lokal dugnadsinnsats, ivrige fotballtalent, fornøgde foreldre og besteforeldre, vart eit særs vellykka idrettsarrangement!

Betab, Emil, Noel, Storm, Mathias og Olav. Foto: Line M. Kvendset

Under kan du sjå nokre bilete til frå gårsdagens Rindalscup:   

Først publisert: 4. september 2023, 06:30 - Sist oppdatert: 3. september 2023, 22:26