Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokale kunstnarar med utstilling i Oslo

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 12. mars 2023

Torsdags kveld var det opning av utstillinga «Lines Made By Walking» på Galleri Format i Oslo. Utstillinga er første visning av eit pågående samarbeidsprosjekt, der Siri Skjerve arbeider i hud og Toril Redalen i leire. I utstillingsteksten skriv kunstnarane: – På en måte representerer de to materialene føtter og grunn, beina og stien. Skinn, hud og jord. Mennesket i landskapet. Materialene erfares som noe eget og er samtidig en usynlig del av omgivelser og kropp. En del av oss. 

Tittelen på prosjektet er henta frå den britiske kunstnaren Richard Long sitt ikoniske kunstverk «A Line Made Of Walking, der han som ung kunststudent i 1967, tok toget ut av London og gjekk att og fram over ei eng, til fotavtrykka hadde laga ei line i graset. 

Siri sin installasjon HINNE tek form. Arbeidet er laget av råhud av hjort frå Todalen og montert med tjøret hampeline frå Hardanger Fartøyvernsenter. I arbeidet med å plassere HINNE i visningsrommet samarbeidde Siri med Sigurd Skjerve, ein særs teknisk familieressurs båe kunstnarane håper å få med videre i samarbeidet. Foto: Toril Redalen

Både Siri og Toril har BA i keramikk og MA i kunst frå det som i 2007 heitte Kunsthøgskolen i Bergen. Med dette som utgangspunkt har kunstnarskapane deira bevega seg i to forskjellege retningar, samtidig som prosjekta framleis er tematisk tett sameinte. Tilfeldigheitene har gjort at dei no deler utgangspunkt i ein stad, nemleg Todalen, der Toril vaks opp og Siri i dag bor. Toril Redalen og Siri Skjerve har samarbeidd tett i fleire år, om prosjekt og eigne kunstnarskap. Ein viktig del av samarbeidet handler om tekst, eigne og andre sine. Utstillinga på Format er første visning av samarbeidsprosjektet «Lines Made by Walking». Lokalt vil det bli mogleg å sjå deler av samarbeidet i løpet av sommaren, både som festivalutstilling i samband med «Lady Arbuthnott» på Sunndalsøra, og som ein del av kunstprosjektet «Den gamle postvegen» i Stangvik. 

Det var mange som tok turen til opninga av utstillinga i Oslo torsdag kveld, og kunstnarne seier dei opplevde mottakinga dei fekk som overveldande og inspirerer for det vidare samarbeidet. 

Til utstillingen lagda Toril Installasjonen SALATVASE. Vaseforma vart laga på staden i gjenbruksleire. Leira er innfarga med teglmjøl. Det er dette fine jernhaldige mjølet som gjev farge til arbeidet. I monteringa fekk Toril god hjelp av kollega og billedhoggar Eduard Alquézar Blasco, som er tilsett på modellverkstaden ved Det Norske Teater. Foto: Siri Skjerve

Siri vil takke jegerane i Todalen for pålitelege leveranser av eksepsjonelt gode råvarer, og Toril vil takke Magne (Moa) Søyset for snekring av prima boks til verket sitt!

Du kan lese meir om prosjektet på Format sine heimesider: format.no/redalen-skjerv

Publisert: 12. mars 2023, 16:42