Sist fredag var det opning av Norske Kunsthåndverkere si årlege temautstilling på Kunstnersenteret i Skien. Omlag 300 søkte om å få vere med på utstillinga som i år har fått namnet SKOG. Og blant dei 33 som kom gjennom nålauge finn vi to av våre lokale kunstnarar representert, nemleg keramikarane Toril Redalen og Brit Dyrnes.
Toril er todaling med verkstad i på Fosenkaia Trondheim og eige «felt-verkstad» i Austigarden på Kvendset, og Brit arbeidar ved Kvenna Kunstnerverksted og bur i Stangvik. Dei er representert med verkene Hva bærer jeg med meg? (Brit) og Skjelvende menneske (Toril). I utstillinga SKOG har kunstnarane i tilegg til blåleire arbeidt med tre, metall og tekstil.
Brit Dyrnes med Hva bærer jeg med meg? Les meir om verket her
Toril Redalen med Skjelvende menneske. Les meir om verket her
Så er du i Skien før den 31.oktober, så er det berre å svinge innom utstillinga SKOG på Kunstnersenteret.
Her kan du lese pressemeldinga om utstillinga frå Norske Kunsthåndverkere.
Dokumentasjonsfoto: KUNSTDOK/ Tor Simen Ulstein for Telemark kunstsenter.
Ps:
Toril har bedt oss om å få sende ein ekstra takk til Line Kvendset og Martine Redalen for hjelp med produksjonen av verket sitt, Siri Skjerve for lån av verkstad i sommar, og Laila Kvendset og Camilla Lund Ohrvik for heilt avgjerande hjelp av montering av installasjon i visningsrommet!
T.h. I produksjonen av Skjelvende Menneske blei det pressa og stansa 2000 ospeblad.