I dag lansert Morten Gåsvand den nye boka si, «Furukjemper i Trollheimen«. I heile Trollheimen er det nok mange store kjemper, som er fleire hundre år gamle og som har fått stå i fred slik at dei har hatt høve til å bli «kjemper»¨. Jon Bruset tek mange turar i skog og mark, og han har nok lokalisert mange av dei store kjempene som finns i Todalen.
Jon har sendt oss to bilder av lokale kjemper og han skriv i ein e-post til Todalen.no: Dette er dagen for furukjemper. Her er to av dei største (i omkrets) her i bygda. Den eine i Romådalen og den andre på Bekkjafallå. Den siste avbilda sammen med ein lokal handelsmann. Begge furuene måler ca. 4 meter i omkrets».