Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokalderby med mange mål

Elinor Bolme Tysdag 21. mai 2019

I kveld var det lokaloppgjør mellom G11 laga Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Sunndal på Bordholmen. Det vart ein målrik kamp, som Sunndal til slutt gjekk seirande ut av. Første omgang var ganske jamn, kor begge laga dominerte kvar sin periode. I andre omgang var Sunndalingane litt heldigare og fekk god utteljing på sjansane sine.

Finver og lukta av nysteket bakels gjorde at det var litt publikummarar til stades også. Noko som alltid er stas for unge fotballspelarar.

Gutane frå Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen er klare for kamp. Venstre bak: Steinar Stenberg, Marius Kvande, John Ivar Holmefjord, Tor Asbjørn Karlsen, Håkon Nes, Orion Fossen og Heine Trønsdal Røen. Venstre fram: Markus Bolme, Sigurd Kvendset, Sivert Sogge, Vetle Ansnes, Marcus Røe Loe og Hallvard Nordvik

Og det er Sunndals gutane også.

Fine forhold på Bordholmen. Grasmatta var nyklipt og velstelt.

Kveldens dommar var Trym Schei Kvendset som hadde orden i rekkene.

Keeper til STKU hadde litt meir å gjere enn Sunndal sin. Her er det samspel med forsvarsrekkja og klarering.

Her eit av Sunndal sine angrep. Forsvarsspelar Håkon Nes i full fart heimatt.

    

Publisert: 21. mai 2019, 20:50