Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokalbanken i det gavmilde hjørnet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. juli 2024

Torsdag formiddag besøkte Liv Dalsegg og Arne Berset frå SpareBank 1 Nordmøre Stangvik. Og dei tok ikkje turen til Stangvik tomhendte! Med seg hadde dei nemleg ein sjekk pålydande kroner 48.850 til Stangvik Grendalag.

Pengegåva er øyremerka ny komfyr til Bondehuset. Komfyren som står der nærmar seg femti år, og er difor klar for utskifting.

Fin gåve til Stangvik Grendalag frå SpareBank 1. Foto: Privat

Dette har vore vanskeleg for Grendalaget å få prioritert midlar til, sidan dei no held på med ei storstilt renovering av fasaden på bygdas store forsamlingshus, Bondehuset.

Den nye komfyren, som erstattar ein meir enn femti år gamal komfyr, kjem på rett tid, spesielt med tanke på at Stangvikfestivalen snart tek til. Festivalen har Bondehuset som hovudarena, og SpareBank 1 Nordmøre er hovudsponsor også for Stangvikfestivalen.

Stangvik Grendalag nyttar høvet til å minne om Sommarpuben på Bryå laurdag!

Publisert: 11. juli 2024, 12:49