Kyrkja i Surnadal og Bibelselskapet ønsker velkommen til Kyrkjelydshuset på Skei for å feire kvinnenes internasjonale bønedag fredag 4. mars klokka 18:00. Kvinnenes internasjonale bønedag starta i USA i 1887, og kvinner frå ulike kyrkjesamfunn samla seg om ein felles bønedag. I dag blir bønedagen (World Day of Prayer) markert i meir enn 170 land og regionar. I Noreg starta slike samlingar i slutten av 1920-åra.
Kollekten som vert samla inn, går til Bibelselskapet sitt bibelmisjonsarbeid. Bibelselskapet samarbeider med sine internasjonale kontaktar, for å finne kvinnerelaterte prosjekt i dei landa bønedagsprogrammet kjem frå.
I år har dei fokus på kvinner i England, Wales og Nord-Irland. Årets prosjekt støtter tiltak for å hindre vald i heimen, betre livssituasjonen til menneske som lever i fattigdom og støtte menneske med fysiske og psykiske utfordringar.
Her kan du lese invitasjonen til: «Kvinnenes internasjonale bønedag»
Medlem i Todalen.no –