Todalen sanitetsforening markerer i dag Eigenberedskapsveka 2021 med stand på Matkroken Todalen. Dei vil vere til stades her utover dagen og fram i mot stengetid. Her viser dei fram ting det kan vere lurt å ha i huset om ein kritisk situasjon skal oppstå. Dei har også med seg brosjyrer laga av Direktoratet for samfunnstrygghet og beredskap, brosjyrer som fortel litt om kva det kan vere lurt å tenke på, slik at ein er godt førebudd om ein kritisk situasjon skal oppstå.
Todalen sanitetsforening spanderer kaffe på alle som kjem innom. Dei deler også ut brosjyrer og materiell om eigenberedskap, forutan at dei viser fram nokre ting det kan vere lurt å ha heime, for å vere godt førebudd.
Snart er det advent, og Todalen sanitetsforening sel difor NKS sin adventskalender på dagens stand på Matkroken Todalen.
Les brosjyra: «Du er ein del av beredskapen i Noreg», for å finne ut meir om eigenberedskap og kva du sjølv kan gjere for å vere førebudd.
Det er dei lokale sanitetsforeiningane i Surnadal kommune, i samarbeid med kommunen, som markerer Eigenberedskapsveka 2021. Det vil difor, i tillegg til Todalen, vere lokale markeringar i Bøfjorden, Bæverfjorden og i Surnadal.