Vi opplever travle dagar med proviantering til julehelga, fortel Terje Nordvik og Jorid Haugen Ansnes på Matkroken Todalen. Dei var travelt opptekne med å rigge til butikken da vi stakk innom staks etter opningstid tysdag morgon. Vi har knalltibud på pinnekjøtt i dag – og så langt beholninga rekk, med prisar drå kr 155,- pr kg for urøyka. Vi er «billigst i by’n» både på røyka og urøyka pinnekjøtt, fortel dei to.
No blir det nok ein hektisk innspurt fram mot stengetid på julaftan – kl 13:00. Vi har rusta oss godt til jul, og har alle former for tradisjonell julemat – både bakarvarer, ribbe, kalkun og mykje anna godt. Vi anbefaler sjølvsagt at du tek julehandelen lokalt, og inviterer til ein trygg og fredeleg julehandel i trygge omgivelsar, seier handelsmann Nordvik som er utstyrt med ansiktsmaske etter «direktivet» frå både Coop og kommuneoverlegen.

Drivstoff får du kjøpt døgnet rundt på kortpumpa på HalsOil – bensin, diesel og fargadisel. Foto Jon Olav Ørsal
HalsOil drivstoff
Drivstoffpumpa er open for kortfylling heile jula – både bensin, diesel og fargadiesel kan du kjøpe og betala med kort heile jula – 24/7

Vi har for mykje konfekt – derfor kanontilbud til kundane: Nidar Sfinx før 199 no 99 og KongHaakon 450 g før 279 no 150, reklamerer Handelsmann Nordvik! Foto: Jon Olav Ørsal
Opningstider i jula
Vi har lagt ut plakaten med opningstider både før jul, i romjula og på nyåret. Her ser vi at det er litt justeringar og tilpassningar til lokale behov.