Matkroken Todalen – eller L. Hals Eftf. AS som er det juridiske namnet, blir 111 år søndag 29. Oktober. Kan det bli den siste bursdagen som butikken kan feire. 31. juli neste år har Terje Nordvik bestemt seg for å bli pensjonist på heiltid – alderen og utslitne kneledd krev sitt, og etter råd frå fastlegen vil han no «ta livet med ro» som han seier.
Med i Merkurprogrammet.
Matkroken Todalen har i mange år vore deltakar i Merkurprogrammet, som er ei støtteordning for sistebutikkar i utkant-Noreg. Gjennom denne støtteordninga har butikken delteke i fleire investeringsprogram, slik at butikken er bra rusta på å gå inn i framtida. Kan nemne nytt drivstoffanlegg med kortbetaling, nytt ventilasjons/varmeanlegg, nytt kjøl- og fryseanlegg, nytt nødstraumanlegg og no sist nytt elektronisk prissystem for hylleforkantar. Allereie frå januar neste år vil Coop Rekneskap overta fakturering, inkasso og rekneskap.
Godt rusta på framtida.
Sjølv om butikken går inn i uvissa er han eigentleg godt rusta på framtida, og det er i samarbeid med Merkur at ein no prøver å førebu eit slags generasjonsskifte for butikken. Butikken har ein sunn økonomi, og bør være liv laga dersom han blir bruka. Takka være at mange store investeringar som allereie er unnagjort skal det kunne gå an å fortsette drifta her, seier Nordvik.
Kan bli eit samarbeid.
Eit generasjonsskifte blir det uansett, men ikkje frå far til son. Det må helst bli eit sal av alle aksjar til eit driftsselskap eller ein tilsett eller ein investor. I verste fall kan butikken bli nedlagt.
Gjennom Merkurprogrammet har vi studert forskjellige modellar og måtar å gjere dette på – ein måte er at bygdesamfunnet etablerer eit driftsselskap og tilsett drivar, medan ein anna metode er sal til ein tilsett eller nokon annan som er interessert. Hus og eigedomar vil i første omgang bli leid ut til aktuell drivar.
Kan vi bli dyktigare til å handle lokalt?
Terje fortel at gjennom Merkurprogrammet har dei funne ut at omtrent 1/3 av daglegvarehandelen går ut av bygda som handelslekkasje. Spørsmålet er om vi kan prøve å demme opp for noko av denne lekkasjen og bli dyktigare til å handle lokalt? Å demme opp for alt går ikkje, men kanskje vi kan prøve å få litt meir lokalhandel. Etter kvart som drivstoffprisane og transportkostnadene aukar på, så vil dette påverke dette reknestykket i positiv retning. Det vil lønne seg å handle lokalt!
Kva med Kaffekroken?
Komande laurdag er det som sagt lokal handledag. Da blir det gratis kaffe og blautkake til alle som stikk innom i tidsrommet 10 – 15, seier Terje Nordvik. Han lovar også at det skal bli nokre gode tilbod, som han enno held tett til brystet. Kjenner vi todalingane rett, så blir det nok litt debatt om framtida til Halsbua denne dagen – men kva vil todalingane eigentleg?