Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokal handledag med triveleg kaffelag i Kaffekroken

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. oktober 2025

Over heile landet blir laurdag 18. oktober feira som årets lokale handledag.  Matkroken Todalen er ikkje noko unnatak, og byr på gratis kaffe i Kaffekroken denne dagen – i tillegg bys det på bakels og graut og ikkje minst ei stor marsipankake frå Coop, seier Jorid H. Ansnes som er butikksjef på Matkroken Todalen.

Godt tilbud på drivstoff – Billigst i byn? Arkivfoto Jon Olav Ørsal

 

Matkroken Todalen har i tillegg laga mange gode tilbod som skal vise at det lønner seg å handle lokalt – og spesielt denne dagen. Laurdag er HalsOil «billigst i by’n» på både 95 oktan bensin og på autodiesel frå drivstoffanlegget på Kvennset. I åpningstida er pumpeprisen 17,90 denne dagen.

Fullt hus i Kaffekroken i eit anna høve – kjenner du alle? Arkivfoto Kjell Gunnar Polden

I butikken får du også ekstra mange og gode tilbod denne dagen – vi nemne berre Friele kaffe med 30% rabatt på 250grams pose denne dagen. Sjå plakaten nedafor der alle gode tilbod er presentert.
I Kaffekroken kan du delta i «Endres Quiz» denne dagen – her kan du delta gratis og har sjansen til å vinne 3 gåvekort her blir det trekning kl. 15:00.
For dei minste blir det og aktivitetar – mellom anna ein «gjømsel» med gotteriboksar rundt omkring i butikken.

Her finn du plakaten med mange gode tilbud på den lokale handledagen 2025 som er 18. oktober.  

 


Matkroken Todalen er medlem i Todalen.no

Publisert: 16. oktober 2025, 09:00