Det har lenge vore tradisjon at Merkurbutikkane, slik som Matkroken Todalen, markerer ein lokal handledag i oktober. I dag er det nærast «ope hus» og markering av dagen på Matkroken i Todalen. Damene på Matkroken vil i dag sette ekstra pris på at du kjem innom og blir med på feiringa, og held kaffetraktaren varm heile dagen og serverer gratis marsipankake og bakels med graut til kaffen i tidsrommet mellom kl. 10 og kl 15.
Damene på Matkroken håper mange kjem innom bua i dag og blir med på feiringa – dei har også ei lita og nyttig overrasking til alle som som kjem innom! – Sist men ikkje minst blir det gratislotteri, der gevinsten er eit gavekort frå L. Hals. Alle som stikk innom denne dagen og skriver namn på handlelappen sin, er med i trekninga av gavekortet.