Svein Håvard Saksen (49) frå Granbostad i Bekkerhagen er ein av seksten deltakarar i årets utgåve av realityserien «Farmen» på TV 2 Direkte. Årets utgåve av «Farmen» er den tjuande i rekka, og blir i år spela inn på Gjedtjernet gård i Grue kommune i Innlandet.
Første episode i årets sesong blir sendt på TV 2 Direkte tysdag 17. september klokka 21:40. Finalen blir sendt på same kanal søndag 24. november klokka 20:00.
Til TV 2 seier Svein Håvard at han stiller med blanke ark i høve til gardserfaring. Han trivst betre på kjøkkenet, med folk og dyr. Ein kombinasjon han meiner ikkje er feil når han no skal inn på «Farmen». Saksen håpar han kan bidra med humør og medmenneskelegheit.
– Og selvsagt med arbeidslyst, og der det trengs. Jeg tror kanskje at jeg har litt å bjuda på, med det ene og det andre. Jeg spiller litt gitar i tillegg. Kanskje jeg drar til der, seier han smilande til TV «.
Vi ønsker Svein Håvard lykke til i årets utgåve av «Farmen»!