Eit ungt salgskorps sørga for førehandssalg av loddar til fotballbasaren søndag ettermiddag. Det er mange som er engasjert i loddsalget, og dei forskjellige aldersbestemte laga må alle ta sin tørn med å få inn pengar når det skal arrangerast basar. Fotballbasar blir det søndag ettermiddag, med start kl 14.00 og trekning når det lir mot kveld i 17-tida. Torsdag ettermiddag var ein gjeng på plass ved «basarbordet» på Matkroken L.Hals for å drive loddsalg.
Basarkomiteen har mykje på plakaten denne dagen, for da blir det både lykkehjul, pilkast, luftgeværskyting, åresalg, dagens bord, barnebord og gratis saft, kaffe og kaker. Her kan du laste ned plakaten for årets fotballbasar! Det blir også loddsalg torsdag og fredag mellom 16 og 18, og sjølvsagt utover laurdagen så lemnge det er folk att med pengar.