Ja det er namnet på årets julerevy som no er på gang i Todalen. I går kveld var det progresjonsmøte i skrivar- og skodespelargruppa, og gjengen kunne fortelje at alt var i rute som åra før. -Vi er med andre ord ikkje heilt i rute, men er godt i gang med å lage ei artig forestilling til 28. desember, fortel Nils Ove Bruset. Han, Anders Gjeldnes og Lars Sæter representerer dei gamle travarane i revygruppa. Heldigvis er det tilsig på «nye hopper» i stallen slik at ein kan forvente litt nye sprell på ungsomshusscena denne kvelden.
Årets revynamn er «Live i Todalen», og kan assosierast både med det som skjer i bygda, og kanskje korleis det skjer? Eit revynummer er allerie klart, og kjenner vi gjengen rett blir det nok også i år teke både ein og to rundar rundt bygda for siste års hendingar. Ingen kan vel kanskje føle seg for trygge med tanke på Nils Ove si sogehistorie.
I tillegg til revy blir det også utdeling av Den Gyldne Patron 2018, og servering av snacks og høveleg drikke. Fotballgruppa er arrangør, og det blir denne gongen styrt unna ei overlags matservering. Billettane blir å få solgt på Matkroken om litt, og ved inngangen revydagen. Om det er ledige plassar igjen.
Her er det dermed berre å gjere seg klar til liv i Todalen Ungdomshus 4. juledag. Og for dei som no fekk hakeslepp med tanke på gamle nedskrevne todalske tradisjonar, Stangvikbok og 3. dagsfest, så går nok det overraskande bra å flytte festen til næraste helg i julehøgtida også.