På denne tida er det eit yrande liv på spelplassane. Ola Halle (Hjellnes) var natt til laurdag ute for å oppleve orrfuglspel, og hadde med kamera for å prøve å få bilde av spelet. Han tok plass i den improviserte «spelhytta» ved spellplassen før det vart mørkt fredag kveld. Spelhytta er satt opp ved ein spelplass inni Stranda, der det tradisjonelt har vore spellaktivitet. Så var det berre å vente på at noko skulle skje, og det gjorde det!

Alt før kl 4 vart det aktivitet på spellplassen. Det var knappast begynt å bli lyst, og i allfall dårleg fotolys. Sjølv med kamera innstillt på 6400 ISO var det framleis for lite lys til å få gode bilete. Da var 5 orrhøner og en orrhane som laga aktiviteten på spellplassen, og kampen vart ikke mellom orrhaner, men mellom orrhønene som kjempa om orrhanen.

Orrfuglane heldt det gåande på spellplassen ca 45 minutt, og det kan dokumenterast at det vart gjort iherdig forsøk på å føre genene vidare til nye slekter. men plutseleg var spellaktiviteten slutt og det såg ut som fuglane drog kvar til sitt.

