Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Liv fikk eldrearbeidsprisen for 2022

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. desember 2022

På pensjonistlaget årlege julemiddag fikk Liv Botten den gjeve eldrearbeidsprisen. Dette er ein pris som kvart år blir delt ut til ein person, lag eller foreining som har utmerka seg med positivt og ulønna eldrearbeid.  Liv Botten har vore leiar for Surnadal demensforening og helselag i ei årrekkje.  -Liv har eit brennande engasjement, er ryddig og har fokus på framdrift, sa Anett Ranes som delte ut prisen på vegne av Surnadal kommune. 

I eldrerådets tilråding  står det at Liv Botten blir tildelt eldrearbeidsprisen 2022 for sin innsats for demente i Surnadal kommune, og for sitt arbeid for å forbetre demente sitt tilvære og livskvalitet generelt, med sin innsats i Surnadal helse- og demensforening. Prisen er ei pengegåve på kr 5000 som Liv ønskjer skal gå vidare til Surnadal demensforening og helselag, der ho berømma styret for det gode samarbeidet.  Les meir om prisutdelinga på Driva.no som først skreiv om saka (+sak). 

Publisert: 7. desember 2022, 18:17