Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Litt predikyr må til i fjøset også

Jon Olav Ørsal Fredag 12. mars 2021

Da vi var innom fjøset hos Todalen mjølk i Pestua var det full aktivitet med kluvstell på dei vel hundre mjølkekyrne.  Det var 2 mann frå Trollheimen klauvservie som hadde montert opp den avanserte klauvboksen inne i fjøset og så stelte dei klauvene på kvar si side av boksen.

I store fjøs brukar dei å være to, slik at ein kan stelle kvar si side og dermed går det fortare. Her er Egil KJøren i full gang med vinkelsliparen. Foto: Jon Olav Ørsal

Vanlegvis driv dei kvar for seg, og er vel meir samarbeidspartnarar enn konkurrentar i det same området som dei dekkjer. Trond Løfaldli som har Trollheimen klauvservice har sitt utspring i Rindal, medan Egil Kjøren held til i Meldal – men begge to er i dag vaskeekte trøndere.  Når deei er i store fjøs på arbeid så brukar dei å samarbeide, slik at det blir meir effektivt. Da klarar dei stell av klauvene på rundt 20 kyr i timen.  Reiskapen som blir bruka er vinkelsliparar og da går det fort unna, og kyrne stod faktisk i kø for å slippe til hos klauvskjærarane. 

Trond Løfaldli i Trollheimen klauvservice seier at godt klauvstell er god økonomi for bønderne, og er viktig for god trivsel, god dyrehelse og viktig for å få god ytelse.  Løfaldli seier at ein kan samanlikne kyrne med toppidrettsutøvarar som skal yte mykje og gjøre dei rette tinga for å få eit godt resultat. Dei anbefaler at klauvene får stell kvar 4. månad – altså 3 gong i året.  

Trond Løfaldli driv Trollheimen Klauvservice som held til i Rindal. Foto: Jon Olav Ørsal

Her er det kø – kyrne venta på klauvstell og det gikk etter tur! Foto: Jon Olav Ørsal

Avansert klauvboks som sørger for å halde dyra på plass og mykje hydraulikk sparar opeeratøren for tunge løft. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 12. mars 2021, 16:00