Surnadal kino kan skilte med fleire nye filmar komande veka; og mellom dei «en mirakuløs prestasjon». Det vart laga mange gode tyske filmar sist på 1970-talet. Og filmane fekk eit stort internasjonalt publikum.
Denne filmen er nok den som vart lagt mest merke til. Filmen handlar om Oskar som er ein spesielt intelligent unge. Vi er i mellomkrigstida og Oskar ser kor gale det kan bli med den framveksande nazismen. Han bestemmer seg difor for at han vil slutte å vekse. fekk Oscar som beste framand-språklege film i 1979. Mange såg den da, og onsdag 23. oktober klokka 13:00 er det muleg å sjå den oppatt, vor da blir den vist på Seniorfilmklubben.
Dette er filmen om «Den britiske Schindler, hentar også noko av historia si frå oppløpet til 2. verdskrig. Vi blir kjent med engelske Nicholas Winton som prøvar å redde ut flest muleg jødiske ungar før den tyske krigsmakta får tak i dei.
Den norske Elskling er ein ny film som går på kinoen komande veka, og skal vi tru NRK, som vi ofte gjer, er dette berre «en mirakuløs prestasjon» av regidebutant Lilja Ingolfsdottir: «Elskling går nemlig rett inn i toppsjiktet blant de beste filmene om samlivsbrudd», skriv dei, og rullar til seks på terningen.
Elles går den fine animasjonsfilmen Den ville roboten for dei yngste, og det blir premiere på
Fredag 25. oktober og framover startar kinoen visning av filmen Venom – The last dance.