Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Litt av kvart på Seniorfilmklubben og Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 13. oktober 2024

Onsdag 16. oktober klokka 13:00 viser Seniorfilmklubben filmen om «den britiske Schindler». På Surnadal kino går elles filmane Drømmer, Den ville roboten og Den siste reisen – tilbake til Rivieraen. 

ONE LIFE 

ONE LIFE  er den sanne historia om «den britiske Schindler» som, trass i hard motstand frå uventa hald, får ut 669 jødiske ungar frå Tsjekkoslovakia rett før 2. verdskrig bryt ut, og om når han heilt uventa møter mange av dei att. 86 år gamle Anthony Hopkins spelar den eldre Winton. Oskar Schindler vart gjort kjent gjennom Steven Spielberg sin film «Schinclers list», medan historia om Winton omtrent har vore ukjent til no. 

«Et dypt rørende dokudrama», skriv Vårt Land om ONE LIFE, som Seniorfilmklubben altså viser onsdag 16. oktober klokka 13:00

DRØMMER

Dag Johan Haugeruds DRØMMER går framleis på kino. Den blir vist både søndag 13. og onsdag 16. oktober. Drømmer har vorte overflødd av gode kritikkar og handlar om tre generasjonar kvinner. Mest om 17-åringen som blir avstandsforelska i læraren sin, men også korleis mora (Ane Dahl Torp) og bestemora (Anne Marie Jacobsen) reagerer på dette: «Å sette seg ned for å se en Dag Johan Haugerud-film er den tryggeste opplevelsen filmnasjonen Norge har å by på. Du kan stole på at det blir bra. Og interessant.» Skriv VG – og det med rette.

DEN VILLE ROBOTEN

Bankers er også familiefilmen DEN VILLE ROBOTEN, som også blir vist søndag 13. og onsdag 16. oktober. For å sitere VG igjen: «Mesterverk for liten, mesterverk for stor.» Dreamworks har stått attom imponerande mange gode og varme animasjonsfilmar. DEN VILLE ROBOTEN er ikkje noko unnatak i så måte – her haglar det 6-arar og 5-arar på terningane.

DEN SISTE REISEN – TILBAKE TIL RIVIERAEN

DEN SISTE REISEN bli vist frå tysdag 15. okotober og er ein svensk dokumentar om pensjonerte Lars som, etter sonen si meining, får altfor lite ut av sine eldre år. Han tek difor Lars med seg på ei reise sørover for å sjå om han får att livsgnisten. Filmen har nådd eit stort publikum i heimlandet, og ser også ut til å gjera der her.

Publisert: 13. oktober 2024, 12:38