I dag har det pågått asfaltering igjen – denne gongen er det i kommunal regi. Det er i dag lagt ny asfalt frå krysset Todalsvegen/Myrjarvegen og heilt til endes på den kommunale vegen gjennom bustadfeltet på Kvennset.
I tillegg er det lagt ny asfalt frå krysset Pilskarvegen/Todalsvegen, og nedover Pilskaret og utover til Kveldro. Har også oppfatta det slik at det skal legges ny asfalt på Haukåbrua som i fjorvinter gjekk gjennom ei renovering. Da vart det sagt at ny asfalt skulle leggast i samband med anna asfaltlegging i bygda.