Onsdag var det skulekonsert, og da fekk vi besøk av to felespelande damer på skulen. Dei spela så busta fauk og sjarmerte publikum. Elevane var både med å klappa, song og dansa, så dei sjarmerte musikarane! Det vart ei kjempefin musikkstund i hallen. Musikarane heiter Julie Alapnes Normann og Marie Fårr Klåpbakken, dei spelar både tradisjonsmusikk og eigenkomponert musikk. Og dei viste at dei er opne for nye impulsar ved å spele ein låt av Michael Jackson.
Det er Rikskosertane og fylkeskommunen som arrangerer skulekonsertane – det er eit flott tiltak for oss!
Nedafor finn du fleire bilete frå konserten i bildegalleriet. Alle foto: Dordi Jorunn Halle