Det var ikkje den heilt store utfarten til Tristeinan og Bjøråskaret skjærtorsdag. Vêrgudane har vanskeleg for å være i retteleg godlage, og sjølv om det faktisk var brukbart vêr og sola faktisk prøvde å vise seg fram var det flatt lys og litt problem med å sjå konturane. Det var kanskje fleire som tok turen til Nordviksetra på Seterrenn, og vi kjem etter kvart med ein rapport derfra også.
Jon Bruset har sendt oss nokre bilder frå området ved Tristeinan og Talgøstorhaugen som vi har lagt ut nedafor.