Tysdag ettermiddag og kveld var stortingsrepresentant Rasmus Hansson (MDG) på lynvisitt til Todalen som eit innslag i valkampen, og for å treffe listetoppar i MDG – Miljøpartiet De Grønne – sitt lokallag i Surnadal – eit følgje på 7-8 personar. I staden for å møte veljarar på stand, så bar det først på gardsbesøk til Ola og Anne Berit Kvendset, og vidare til Gammelfabrikken for å høyre kva Talgø driv på med.
Under gardsbesøket var Hansson spesielt interessert å høyre kva Ola og Anne Berit var mest opptekne av i den daglege drifta. Ola er leiar i Surnadal og Rindal bonde- og småbrukarlag, og dermed vart det ein liten runde om jordbruksoppgjeret og om støtteordningane var godt nok tilpassa. Tema var også sjølvforsyningsgraden og bruk av eigenprodusert for i staden for importert korn og andre råvarer, som er bruka i kraftfôret.
Ola fortalte også om bruken av utmarksbeite som har fått ein ny giv etter at ein tok i bruk det virtuelle gjetarsystemet Nofence som ser ut til å fungere bra for dyr på utmarksbeite. Bruken av Nofence har gjeve bruken av utmarksbeite ein ny dimensjon dei siste par åra. Ola og Anne Berit driv i dag rundt 400 dekar, og drifta er basert på mjølkeproduksjon, kjøttproduksjon og eit 40-tals lamsauer.
På spørsmål om kva dei som bønder var mest opptekne av så er det akkurat no prisreguleringa på storfekjøtt med rundt 10 kr pr kg ned. Ola saknar eit betre tollvern som kunne regulert prisen betre på importert kjøtt, men dette er regulert av handelsavtalar vi har – i dette tilfellet for å verne handelen med fattige land. Det er importert rund 5000 tonn rødt kjøtt pr år, og dette skaper i dag overproduksjon og dermed prisreduksjon i Noreg. Klimaet i Noreg egnar seg godt til å produsere gras, og dermed er kjøttproduksjon godt tilpassa og aktuelt.
Etter gardsbesøket var det Talgø som stod for tur, og på Gammelfabrikken var det Elmer Talgø som tok i mot reisefølget, og sørga for omvising både på uteområdet inklusive Storfossen, og i resten av parkanlegget. Inne har det den siste tida vore pussa opp og laga ei flott konferanseavdeling i underetasjen, medan det i hovudetasjen er laga eit nytt troppestudio for Talgøselskapet Melby Snekkerverksted med fabrikk på Eide, der Talgø er majoritetseigar.
Elmer Talgø tok først ein liten presentasjon av Talgøhistoria som strekkjer seg over 120 år attover i tid – gründeren Thore Talgø som såg «gullet» i Storfossen, og starta møbelproduksjon her i 1899, med straum frå eit av dei aller første kraftverka i Møre og Romsdal. Elmer er 4. generasjon som driv Talgøselskapet som enno er ei familiebedrift. I dag har Talgøkonsernet ei omsetning på 695 mill. og butikkdivisjon ei omsetning på 265 mill. og er ei solid familiebedrift.
Elmer orienterte om det grøne skiftet på Talgø og visjonen om å være best på levring av Royalbehandla virke i Noreg. – Møre Royal er som skapt for framtida, der meteorologane lover fuktigare klima og meir råteproblem i den framtida vi no går inn i. I samband med dette utviklingsarbeidet er det lagt ned ein enorm innsats for å finne løysinga både på produksjon og kvalitetssikring av royalbehandla virke og på handtering av avfall. Her har Talgø kome langt i dag, og avfall som tidlegare var eit problem – har i dag vorte ein ressurs.
Hansson tykte det var interessant å høyre om Talgø si satsing på det grøne skiftet og utviklar produkt som er konstruert for gjenbruk. Det er faktisk bra at det går an å tene pengar på grøne løysingar og at dårlegare løysingar ikkje skal kunne lønne seg.
– Talgø er et flott eksempel på mulighetene distrikts-Norge har i nyskapende grønt næringsliv. Men det krever at stat og kommuner prioriterer miljøvennlige varer og grønt næringsliv, både med krav og innkjøp, slik MDG jobber for. Senterpartiet, Arbeiderpartiet og Høyre gjør det motsatte i praksis. Det blir dessverre ikke flere grønne jobber av sånt, sier MDGs næringspolitiker Rasmus Hansson til slutt.
Vi kan derfor konkludere med at MDG ikkje brukte denne kvelden til aktiv valkamp men at kvelden bar meir preg av «vaksenopplæring».