Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lite rype men triveleg lell

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. september 2019

Haustblot med rypejakt har lange tradisjonar på skihytta til T.I.L., og i år vart tradisjonane båret vidare, sjølv om det var lite vilt å sjå. Terje nordvik, som er jaktsjef og ildsjel for arrangementet fortel at jaktresultatet aldri har vore så dårleg som i år. Han meiner dette har bakgrunn i mislykka hekking, der kyllingane vart klekt i ein periode da det var snø nedom tregrensa og for kaldt til at kyllingane klare å overleve dei første dagane. Som kjent lever dei da på innsekt som dei plukkar sjølve.

På pallen – Endre Talgø vann skytekonkurransen og blir her gratulert av John Moe. Foto: Terje N.

Men gjengen på skihytta har halde på i 41 år, og gir ikkje opp så lett.  Sjølv om mannskapet etter kvart har fått litt fornying, så er det fleire veteranar att.  – Det vart i år lagt større vekt på skytekonkurransen og det vart eigentleg eit oppgjør der ungdomane gjorde nærast reint bord.  Flest poeng til Endre Talgø med 95, med Terje N. 86 poeng og Kristoffer Nordvik med 82 poeng.  Vidare Ola Ansnes med 73, Erik Nordgård med 72, Bjørn Halle Larsnes med 60, Arne Hole med 57 og John Moe med 56 poeng. 

Men som det står i overskrifta har det på tross av mykje regn og skodde vore god stemning i leiren og mykje god mat som vanleg, sluttar Terje N si pressemelding. 

Årets fangst – Kristoffer nordvik og Ola Ansnes med fangsten. Fornuftig å spare det meste av rypene til ny sesong og forhåpentleg vis ei betre klekking neste år. Foto: Terje N.

Publisert: 17. september 2019, 10:20