Kristin Marie Sørheim frå Tingvoll er listetopp for Senterpartiet ved fylkestingsvalet i Møre og Romsdal. Onsdag var ho saman med lokale partikollegaer på rundreise her i kommunen. Frå Surnadal Senterparti stilte ordførarkandidat Margrethe Svinvik, leiar Nils Håvar Øyås, Einar Grønnes og Ragnar Halle. Sørheim uttrykte at det var viktig å få god kjennskap til og nyttig kunnskap om heile Surnadal kommune.
I Todalen stod møte med Talgøgruppa på programmet. Dagleg leiar i Talgø møbelfabrikk, Ola Magne Nordvik, tok i mot politikarane på Gammelfabrikken. Han orienterte om historia til Talgø frå 1899 og fram til i dag – utviklingskultur har i alle år prega bedrifta – han nemnde fort alle trendane opp gjennom tidene med tradisjonelle soverom, veggseksjonar, vass-senger, furumøblar osb. Han poengterte at røtene til Talgø er forankra i Todalen, og at det er svært viktig å ta vare på Todalen som ei levande bygd. Da må bygda ha skule og barnehage, god tilrettelegging for busetjing og byggefelt, butikk med bensin og aktive lag og organisasjonar, presiserte han. Talgø ønsker å vere rause og aktive støttespelarar her i bygda, men og i andre lokalsamfunn der dei er etablerte. Utviklinga ved Møre-Tre dei siste åra er eventyrleg, og det er klart at full utbygging av Surnadal hamn er viktig for Talgø. Vidare er ferjefritt samband over fjorden ein nøkkel til eit godt og fleksibelt arbeidsmarked. Når det gjeld varetransport, er vegen nordover til Orkanger og Berkåk svært viktig. «Manglande rullering av arealplana i kommunen er eit hinder for vidare utvikling i kommunen, » slo Ola Magne Nordvik fast.
Både Sørheim og dei lokale politikarane var klare på at målet er å endre fylkesveg 65 til riksveg og standarheving av heile strekninga. «Fylkesveg 65 er dårlegaste fylkesvegen vi har,» kunne Sørheim fortelje. Ho har sykla lange strekningar av denne vegen i vår. «Todalsfjordprosjektet må realiserast, og det er viktig å passe på at det held andreplassen på prioriteringslista til fylket,» sa ho vidare. Full satsing på Surnadal hamn er ein del av programmet til Senterpartiet i Surnadal.
For Sørheim er det viktig å få høre direkte kva den enkelte bedrifta driv med, kva utfordringar dei har og korleis dei ser på framtida. Tida på Gammelfabrikken gjekk alt for fort, og politikarane kunne nok tenkt seg meir tid både til å sjå seg rundt og få sagt meir. Dei takka Ola Magne Nodvik for god informasjon.
Dagens runde starta på Jokerbutikken på Kvanne. Frå Todalen gjekk ferda vidare til Norsk kvalitetsmat i Surnadal, deretter Bøfjorden, så besøk til pelsdyrfarmen til Arne O. Sæther før dei i kveld avsluttar med ope politisk møte i Sagatun.
Sørheim hadde som mål «å bli lommekjent i Surnadal kommune».