Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lisbeth Salander er tilbake

Steinar Hasselø Torsdag 8. november 2018

Stieg Larsson sine bøker om datahackeren Lisbeth Salander lever vidare i amerikansk film med premiere fredag 9. november.

«The Girl in the Spider’s Web” hentar handlinga si frå oppfølgaren til Larsson sine tre bøker; nemleg «Det som ikke dreper oss» av David Lagercrantz. Og vi møter igjen Lisbeth Salander og Mikael Blomkvist som blir vikla inn i eit nett av spionar, datakriminelle og korrupte statsmenn.

«Grinchen» gjenoppstår også i ein ny film på fredag, denne gongen i ein animert versjon. Det er berre å kvi seg til jul!

Og legg vi til Queen-filmen «Bohemian Rhapsody», er helgaprogrammet klart. Du finn når filmane går her: https://surnadal-kulturhus.no/program/

Publisert: 8. november 2018, 22:07