I haust har det pågått linjerydding av 132 kV-linja som går mellom Sunndalsøra og Trollheim kraftverk i Øvre Surnadal. Det er Siv og Bjørn Halle som gjennom Allskog har avtale med Statnett om rydding av linja. Onsdag passerte dei to Talgø-fabrikken med motorsag, og gjorde reint bord i krattskogen mellom fabrikken og sjøen. Dermed vart det igjen utsikt mot sjøen fra fabrikklokala.

Litt uvanleg er det kanskje at du finn damer med motorsag i arbeid med linjerydding. Siv har i sommar og i haust jobba saman med faren Bjørn på linjerydding, og trives godt med det. Etter 4 år på Gjermundnes med agronom- og naturforvaltarutdanning tykkjer ho det er greit å få litt praksis etter all teorien. Dei to skal no rydde linja opp til skoggrensa mot Ørsalfjellet før dei gir seg, og dei håpar at dei blir ferdig før snøen kjem!
