Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Linjeinspeksjonen var unnagjort i ein fei!

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. april 2021

Onsdag føremiddag var den tillyste linjeinspeksjonen på Svorka-netter fort unnagjort.  I løpet av ein liten time var heile seansen unnagjort og folk rakk nærast ikkje å slå på kameraet før helikopteret var borte igjen. 

Det var nok mange som lurte på kva helikopteret dreiv på med i dag tidleg. I løpet av ein liten time var linjeinspeksjonen av høgspentnettet unnagjort. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi reknar med at heile linjenettet vart filma på video og at varmesøkande kamera vart bruka for å finne isolatorar med feil på.  No blir det nok ein del etterarbeid for linjemannskapet som må gå gjennom materialet som er registrer under inspeksjonen.  

Det er nok dyrt å bruke helikopter, men det er utruleg effektivt og i det store og heile sparer nok Svorka på at dei bruker denne metoden for inspeksjon.  

Publisert: 28. april 2021, 09:15