Onsdag føremiddag var den tillyste linjeinspeksjonen på Svorka-netter fort unnagjort. I løpet av ein liten time var heile seansen unnagjort og folk rakk nærast ikkje å slå på kameraet før helikopteret var borte igjen.

Det var nok mange som lurte på kva helikopteret dreiv på med i dag tidleg. I løpet av ein liten time var linjeinspeksjonen av høgspentnettet unnagjort. Foto: Jon Olav Ørsal
Vi reknar med at heile linjenettet vart filma på video og at varmesøkande kamera vart bruka for å finne isolatorar med feil på. No blir det nok ein del etterarbeid for linjemannskapet som må gå gjennom materialet som er registrer under inspeksjonen.
Det er nok dyrt å bruke helikopter, men det er utruleg effektivt og i det store og heile sparer nok Svorka på at dei bruker denne metoden for inspeksjon.